Hopp til innhold
 Revebjølle. Foto: Marcos F. Marx, flickr.com
Revebjølle. Foto: Marcos F. Marx, flickr.com
X
Innhald

Revebjølle

Revebjølle (latin Digitalis purpurea), inntil 150 cm høg toårig art i maskeblomsterfamilien. Det første året utviklar det seg ein bladrosett, og det neste året ein stengel med ein slank, einsidig blomsterstand med hengjande, purpurraude, klokkeforma blomstrar. Arten veks i kysttraktene frå Langesundsfjorden til Nord-Trøndelag. Han er giftig, men blada har vore og blir brukte til hjartemedisin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.02.2013
Sist oppdatert: 26.02.2013