Hopp til innhold
 Rhododendron. Foto: Matthieu Aubry, flickr.com
Rhododendron. Foto: Matthieu Aubry, flickr.com
X
Innhald

Rhododendron

Rhododendron eller alperose, slekt i lyngfamilien.

Rhododendron eller alperose, slekt i lyngfamilien med 900 artar buskar og tre med vintergrøne blad. Dei høyrer heime på den nordlege halvkula og har størst utbreiing i Asia.
 
Den einaste arten som veks vilt i Noreg, er lapprose, R. lapponica, ein låg, krypande dvergbusk med aromatisk lukt. Han veks i høgfjellet frå Salten til Porsanger samt i Lom og Vågå. I hagar dyrkar ein mange artar og hybridar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.02.2013
Sist oppdatert: 12.07.2013