Hopp til innhold
 Riddarspore. Foto: Arild Storaas, flickr.com
Riddarspore. Foto: Arild Storaas, flickr.com
X
Innhald

Riddarspore

Riddarspore (latin Delphinum), slekt med 250 artar i soleiefamilien. Dei er høge urter med store, uregelmessige blomstrar med honningspore. Dei sit mange saman i topp eller opprett klase. Slekta stammar frå Sentral-Asia og Nord-Amerika. Både eitt- og fleirårige artar blir dyrka som hageplanter, og dei fleste er hardføre og lettdrivne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.02.2013
Sist oppdatert: 27.02.2013