Hopp til innhold
 Rome. Foto: ashley balsam baz, flickr.com
Rome. Foto: ashley balsam baz, flickr.com
X
Innhald

Rome

Rome (latin Narthecium ossifragum), vallsaks eller beinbrekk, opptil 30 cm høg, fleirårig myrplante i liljefamilien som høyrer til giftliljegruppa. Ho har krypande jordstengel, smalt sverdforma blad og gule blomstrar. Arten er mest vanleg i kyststroka nord til Troms. Han fører med seg sjukdommen alveld, særleg hos sau, som gjer dyra ømfintlege for lys.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.02.2013
Sist oppdatert: 27.02.2013