Hopp til innhold
 Rosefamilien. Foto: Duy Thuong, flickr.com
Rosefamilien. Foto: Duy Thuong, flickr.com
X
Innhald

Rosefamilien

Rosefamilien (latin Rosaceae), tofrøblada, frikrona plantefamilie med over 2000 artar urter, buskar og tre. 

Dei har hand- eller fjørnerva, spreidde blad med akselblad. Blomstrane er regelmessige, oftast tokjønna og omkring- til oversitjande. Begeret har oftast eit ytterbeger som er danna av øyreblad.

Frukta kan vere nøtt, kapsel eller steinfrukt. Ofte bidreg fruktbotnen til fruktdanninga slik at ein får såkalla falske frukter, til dømes jordbær, som har nøttefrukter utanpå bæret, nype, som har nøttefrukter inni nypa, og bringebær, som er samansette steinfrukter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.02.2013
Sist oppdatert: 05.08.2017