Rosa (Constance Spry)

Rosa (Constance Spry), rose. Foto frå: Visby botaniske have, Gotland, Sverige

Rosa (Constance Spry)

Rosa (Constance Spry), rose. Foto frå: Visby botaniske have, Gotland, Sverige

Roser

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Rosetornar
Roser har tornar ut frå borken, såkalla borktornar.
Rosetornar
Av /Shutterstock.

Rose er ein fleirårig busk i rosefamilien med cirka 250 artar på den nordlege halvkula, flest i Europa og Aust-Asia.

Faktaboks

Beskriven av
Carl von Linné

Skildring

Høgd og vekst varierer sterkt frå art til art. Nokre av dei er små, tette buskar, andre er fleire meter høge klatreplantar. Greinene har skarpe tornar.

Blada er samansette av fem eller fleire småblad. Blomane kan vera fylte eller enkle, og i fargenyansar frå kvitt og gult til djup raudfiolett. Dei har ofte velluktande blomar med mange pollenberarar og flaskeforma blomebotn. Blomebotnen veks ved modning ut til ein kjøtfull falsk frukt (nype), som inneheld hardskala nøtter (lus).

Mange av artane er svært vanskelege å skilja frå kvarandre. Vi skil mellom viltveksande roser og hageroser.

Viltveksande roser

I Noreg er det funne elleve viltveksande roseartar. Vanlegast er bustnype, kjøtnype og steinnype. Kystrose, trollnype og eplerose er alle tre på Artsdatabanken si raudliste. Rynkerose er svartelista.

Hageroser

Hagerosene blir delte inn i klatreroser, buskroser og grupperoser, kvar med to undergrupper.

Klatreroser har så lange skot at dei ikkje kan halde seg oppe utan støtte eller oppbinding. Her skil ein mellom eingongsblømande og remonterande artar.

Buskroser dannar store buskar og treng ingen oppstøtting. Ein skil mellom eingongsblømande og remonterande artar.

Grupperoser er remonterande og dannar låge buskar. Ein skil her mellom stilkroser, der blomane sit enkeltvis eller få saman, og klaseroser, der blomane sit samla i klasar.

Dyrking

Rotekte roser blir vanlegvis formerte med frø eller stiklingar, poda roser ved okulering. Roser kan dyrkast overalt i Noreg, men der forholda er lite gunstige, kan berre dei minst kravstore og mest vinterherdige rosene plantast.

Bruk

Roser er først og fremst kjende som prydplantar, men kronblada er ei viktig smakstilsetning i vest- og sentralasiatisk matlaging, der dei blir brukte i ei rekkje dessertar og søtsaker. Honning, syltetøy, konfekt, marengs, puddingar, mjølkedessertar og marsipan blir sett smak på med rose. Vanlegvis blir det laga rosevatn eller roseolje av blomane for bruk i matlaging, men kronblada kan også kandiserast og brukast som dekor på kaker og dessertar. Tørka roser blir brukte i krydderblandinga advieh og nokre gonger i ras el hanout.

Friske rosekronblad blir nytta til rosevatn og roseolje, og blir nokre gonger tilsett i eddik. I tillegg blir tørka roser brukte i potpurri, røykjelse og duftposar.

Innan urtemedisin blir uttrekk av roser mellom anna brukt for å styrke hjarte, lever og mage. Uttrekket skal også vera bra mot oppkast, sure oppstøytar og tørrhoste.

Nyper har vore brukte som legemiddel frå gammalt av og frå 2000 år fvt. også til mat. Nypene er ei av våre aller rikaste C-vitaminkjelder. Kronblada av fleire artar blir hausta for å framstille roseolje, parfyme og rosevatn.

Blomane blir oftast knytte til romantikk, men har opp gjennom tidene også symbolisert lidenskap, lengsel, glede, fest, gravferd og sorg.

Historie

Roser har vore dyrka og foredla av menneske i tusenvis av år, mest på grunn av den vakre utsjånaden og behagelege dufta, men også til kulinarisk og medisinsk bruk.

Roser er omtalte i ei rekkje dikt og eventyr, mellom anna i Homers verk Odysseen frå 700-talet fvt., H.C. Andersens «Verdens deiligste rose», og Shakespeare omtaler roser i mange av verka sine. Men det aller eldste som er skrive ned om desse blomane, er frå Sumer frå meir enn 5000 år sidan, der det står rissa inn i leirtavler at kong Sargon tok med seg roser heim frå Tyrkia som krigsbytte.

Hos grekarane var rosedyrking utbreidd, og det var blomar med meir eller mindre fylte roser som vart dyrka. Hundrebladrosa til grekarane var sannsynlegvis Rosa centifolia. I keisartidas Roma vart det brukt store mengder roser ved store festar.

I mellomalderen kom det fleire nye artar i kultur, mellom anna dei gule R. hemisphaerica og R. foetida, som vart spreidde vestover i Europa frå Orienten. Også i Noreg vart det dyrka hageroser i mellomalderen. Heilt fram til våre dagar har det kome nye artar til Europa frå Asia.

Etter 1800 var franskmennene dei førande rosedyrkarane. Dei fekk fram remontantrosene, som blømer fleire gonger utover sommaren. Foredlinga og kryssinga tok fart, og det vart ein kappestrid om å laga nye sortar, som då vart betalte med store summar. Arbeidet med kryssing har halde fram, og talet på hybridar og sortar må reknast i titusen.

Eplerose (R. rubiginosa) vart innført til Noreg i mellomalderen, truleg av munkar. Rosa er omtalt i Hamarkrøniken (bok frå 1500-talet om livet på Hamar, ukjend forfattar). Busken har etablert seg fleire stader i Sør-Noreg, men er raudlista. Blomane, som duftar av eple, har vorte brukte innan parfymeindustrien og til rosevatn.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

rose
Rosa
Artsdatabanken-ID
103384
GBIF-ID
8395064

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg