Hopp til innhold
 Foto: Brent Moore, flickr.com
Foto: Brent Moore, flickr.com
X
Innhald

Roser

Roser (latin Rosa), slekt i rosefamilien med om lag 250 artar på den nordlege halvkula. For det meste er dei tornete buskar med samansette blad og store, ofte velluktande blomstrar. Blomsterbotnen er krukkeforma og veks ut til ei kjøtfull hjelpefrukt, nype, som inneheld hårete nøtter (lus) og er ei viktig C-vitaminkjelde.
Mange roseartar veks vilt i Noreg og blir kalla nypetorn eller klunger. Hageroser blir gjerne delte inn i tre hovudgrupper etter bruksmåten: klatreroser og buskroser, som kvar blir delte inn i undergruppene eingongsblomstrande og remonterande, samt grupperoser som ein deler inn i stilkroser og klaseroser.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.02.2013
Sist oppdatert: 27.02.2013