Hopp til innhold
 Rubladfamilien. Foto: echoforsberg, flickr.com
Rubladfamilien. Foto: echoforsberg, flickr.com
X
Innhald

Rubladfamilien

Rubladfamilien (latin Boraginaceae), heilkrona, tofrøblada plantefamilie med om lag 2000 artar urter, buskar og tre i tempererte og tropiske strok. Dei fleste artane har ruhåra blad. Dei regelmessige eller svakt einsymmetriske 5-talsblomstrane er ofte trektforma og først raude (sur cellesaft), seinare fiolette (nøytral reaksjon) og til slutt blå (alkalisk). Blomsterstanden er ein einsidig kvast som er rulla inn i spissen, som eit sniglehus. Frukta blir spalta i fire smånøtter som ofte er utstyrte med krokar, og desse blir spreidde med menneske og dyr.
I Noreg finst det om lag 30 artar som veks vilt. Det finst også mange prydplanter, og fleire av desse er forvilla. Mange av artane har vore brukte som fargeplanter og medisinplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.03.2013
Sist oppdatert: 01.03.2013