Hopp til innhold
Foto: Matt Lavin, Flickr.com CC-BY
Foto: Matt Lavin, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Rug

Rug (latin Secale), slekt med fem artar aksgras i grasfamilien. Til desse høyrer dyrka rug, S. cereale, eit eittårig gras med flate, blådogne blad og småaks i to rekkjer. Dei inste agnene har eit 2–4 cm langt snerp. Mange sortar blir dyrka som sommar- eller vinterrug. Rugen er eit viktig brødkorn, og han har vore dyrka i meir enn 2500 år. Rugmjøl inneheld gluten og kan dermed ikkje nyttast av dei som har glutenallergi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013