Hopp til innhold

 Rypebær. Foto: Chris M Morris, flickr.com
Rypebær. Foto: Chris M Morris, flickr.com
X
Innhald

Rypebær

Rypebær (latin Arctostaphylos alpina), krypande dvergbusk i lyngfamilien med omvendt eggforma og nettårete blad. Blomstrane er kvite eller raudaktige og sit i korte, endestilte klasar. Frukta er først grøn, så raud og til sist blåsvart. Rypebær er ei vanleg fjellplante som går ned til havnivå i Nord-Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.03.2013
Sist oppdatert: 01.03.2013