Hopp til innhold
X
Innhald

Selleri

Selleri (latin Apium graveolens), 50 cm høg, toårig plante i skjermplantefamilien med mørkegrøne blad og små, kvite blomstrar i skjerm. Ho luktar sterkt. Selleri blir hovudsakleg dyrka i to varietetar. Knollselleri, eller rotselleri, var. rapaceum, har sterkt oppsvulma, kvit rot og er rik på aromatiske stoff. Stilk-, stang- eller bleikselleri, var. dulce, har sprø bladstilkar som held seg kvitgule ved hypping. Dei blir etne rå. Selleri er ei gammal kultur- og medisinplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.03.2013
Sist oppdatert: 04.03.2013