Hopp til innhold
 Selsnepe. Foto: Stadkatze. CC BY- NC- SA- 2.0 flickr.com
Selsnepe. Foto: Stadkatze. CC BY- NC- SA- 2.0 flickr.com
X
Innhald

Selsnepe

Selsnepe (latin Cicuta virosa), 80 cm høg, fleirårig urt i skjermplantefamilien med grov stengel, finna blad med sagtanna flikar og tjukk, nepeliknande jordstengel med fleire holrom. Ho har gulraud mjølkesaft. Selsnepe er vanlegast på Austlandet. Arten er svært giftig og veks i fuktige næringsrike miljø. Han er kalla opp etter Selsmyrene ved Otta, der han tidlegare var svært vanleg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.03.2013
Sist oppdatert: 04.03.2013