Hopp til innhold
 Sennegras. Foto: fabelfroh, flickr.com. CC BY- NC- SA- 2.0.
Sennegras. Foto: fabelfroh, flickr.com. CC BY- NC- SA- 2.0.
X
Innhald

Sennegras

Sennegras (latin Carex vesicaria), 60 cm høg art i storrfamilien med skarpkanta strå og smale, berre 5 mm breie, lysegrøne blad. Sennegras blir også kalla lappsko fordi samane nyttar han som innlegg i fottøy, mellom anna i skallar, der han gir god isolasjon. Samane brukar likevel først og fremst den langt vanlegare arten flaskestorr som fôr i fottøyet. Sennegras veks på våte stader over heile Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.03.2013
Sist oppdatert: 04.03.2013