Hopp til innhold
X
Innhald

Sildrefamilien

Sildrefamilien (latin Saxifragaceae), frikrona plantefamilie med 900 artar urter og buskar med oftast regelmessige 5-talsblomstrar. Frukta er kapsel eller bær. Artar i slektene sildre, jåblom, maigull og rips veks vilt i Noreg. Slektene spirblom (Astilbe), bergblom (Bergenia), hortensia (Hydrangea), stjernetopp (Deutzia) og skjærsmin (Philadelphus) har mange kjende prydplanter.
 
 
Bergfrue er ein del av sildrefamilien. Foto: Ole Husby, flickr.com CC BY 2 0
 
Bergfrue er ein del av sildrefamilien. Foto: Ole Husby, flickr.com CC BY 2 0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.08.2013
Sist oppdatert: 26.08.2013