Hopp til innhold
X
Innhald

Siv

Siv, slekta Juncus i sivfamilien med 300 artar i alle verdsdelane. I Noreg veks 20 artar vilt. Dei er grasliknande, hovudsakleg fleirårige planter med trådsmale, trinne eller renneforma blad og brune, usjålege blomstrar i hovud eller kvastar. Siv veks på fuktige stader og mange er typiske fjellplanter.

Siv. Foto: John Tann, flickr.com CC BY 2 0
Siv. Foto: John Tann, flickr.com CC BY 2 0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.08.2013
Sist oppdatert: 26.08.2013