Hopp til innhold
X
Innhald

Sjasmin

Sjasmin, slekta Jasminum i oljetrefamilien med om lag 200 artar i tropiske strok. Mange artar blir dyrka i varmare land på grunn av vakre og velluktande blomstrar. Langs kysten av Sør-Noreg kan ein plante gulsjasmin, J. nudiflorum, som har inntil 5 m lange greiner og tredelte blad, og som blomstrar på berr kvist om vinteren.
 
Gulsjasmin. Foto: Hermann Falkner, flickr.com CC BY 2.0
 
Gulsjasmin. Foto: Hermann Falkner, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.08.2013
Sist oppdatert: 26.08.2013