Hopp til innhold
X
Innhald

Skjermplantefamilien

Skjermplantefamilien (latin Apiaceae, tidlegare Umbelliferae), frikrona blomsterfamilie som omfattar nær 3000 urter med hol stengel og oftast spreidde, finna blad med store bladslirer. Dei små 5-talsblomstrane har oftast kvite kronblad og er samla i enkle skjermar eller dobbeltskjermar.
Frukta er ei spaltefrukt som ein kan dele i to nøtteaktige delfrukter. Desse inneheld eteriske oljar, og fleire av artane er brukte som kryddervekstar, til dømes karve, anis, koriander og fennikel. Andre nyttevekstar er gulrot, pastinakk, kvann, dill, selleri og persille. Familien har også nokre særs giftige planter, som giftkjeks og selsnepe. I Noreg finst det 23 artar som veks vilt samt om lag 30 artar som er forvilla eller tilfeldig innførte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.03.2013
Sist oppdatert: 07.03.2013