Hopp til innhold
X
Innhald

Skog

Skog, vegetasjonsform som er dominert av tre. Om lag 30 % av jordoverflata er i dag dekt av skog. I dei kalde og tempererte stroka sør for tundraen på den nordlege halvkula veks barskogen. I dei tempererte områda lenger sør har det vakse fram ein blandingsskog av lauv- og bartre med overgang til den sommargrøne lauvskogen. I tropane finn ein ulike former for lauvskog. Der nedbøren er rikeleg året rundt, veks den eviggrøne regnskogen. Den regngrøne skogen (monsunskog og vinterskog) fell blada sine i tørketida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2019