Hopp til innhold
X
Innhald

Skrinneblom

Skrinneblom, slekta Arabis med 120 artar i krossblomsterfamilien. Dei er urter med oftast kvite blomstrar og lang, flat skulpefrukt. Det finst to artar som veks vilt i Noreg: fjellskrinneblom, A. alpina, som blir 15 cm høg, og bergskrinneblom, A. hirsuta, som blir 20 cm høg. Hageskrinneblom, A. caucasia, som blir 15–20 cm høg, finst i fleire varietetar og kulturformer. Namnet skrinneblom er også i bruk om artar i slektene Arabidopsis og Cardaminopsis.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 07.03.2013