Slåpetorn
Slåpetorn
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Slåpetorn er ein art i rosefamilien.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Prunus spinosa
Beskriven av
Carl von Linné
Årleg global produksjon
12,0 millioner tonn (2021)

Slåpetorn er ein 1–3 meter høg busk med kvite blomar, små blå steinfrukter og skarpe vedtornar på kvister og greinar. Busken veks på tørre bakkar og knausar langs kysten frå Oslofjorden til Hordaland.

Av fruktene, slåpene, kan det lagast likør og ein vin som kan minne om portvin. Borken kan brukast til garving og har i folkemedisinen vore brukt mot frysningar og som avførande og urindrivande middel.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

slåpetorn
Prunus spinosa
Artsdatabanken-ID
103380
GBIF-ID
3023221

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg