Hopp til innhold
X
Innhald

Slirekne

Slirekne, slekta Polygonium med om lag 300 artar i syrefamilien. Slekta omfattar urter som er opprette, nedliggjande eller slyngjande og har spreidde blad med ei slire ved basisen. Dei små blomstrane er kvite eller raude 5-talsblomstrar. I Noreg finst det 16 artar som veks vilt, og alle er rekna som ugras. Dessutan blir fleire utanlandske artar dyrka som prydplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 07.03.2013