Hopp til innhold
Foto: Willie Angus, Flickr.com CC-BY
Foto: Willie Angus, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Sløke

Sløke (latin Angelica sylvestris), meterhøg art i skjermplantefamilien med grov, røyrforma stengel og breie, dobbeltfinna blad med store, oppblåsne slirer. Bladavsnitta er sterkt sagtanna. Blomsterstanden er ein noko avflata skjerm med ei rekkje grønleg-kvite blomstrar. Arten er vanleg i heile Noreg, og han har vore brukt som farge- og grønsakplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 08.03.2013