Hopp til innhold
Foto: Amadej Trnkoczy, Flickr.com CC-BY
Foto: Amadej Trnkoczy, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Smørbukk (plante)

Smørbukk (latin Sedum maximum), 30 cm høg art i bergknappfamilien med kjøtfulle, motsette blad og grøngule blomstrar i halvskjerm. Ho er ei tørkeplante (xerofytt) som er tilpassa tørre veksestader. Dei avlange rotknollane på jordstengelen verkar som vassmagasin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 04.12.2017