Hopp til innhold
X
Innhald

Søterot

Søterot eller søte, oftast blåblomstra planter i slektene Gentiana og Gentianella i søterotfamilien. Av om lag 400 artar veks 10 vilt i Noreg, til dømes bakkesøte, Gentianella campestris, som er vanleg i det meste av landet, og søterot, Gentiana purpurea, ei fjellplante som er kjend frå Setesdalsheiane til Sør-Trøndelag. Ho har raudbrune blomstrar og grov rot (gentianarot) med beisk smak. Dessutan er ho ei gammal medisinplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 17.06.2013