Hopp til innhold
X
Innhald

Springfrø

Springfrø (latin Impatiens), slekt med over 200 hovudsakleg eittårige artar i springfrøfamilien. Dei har saftige, skøyre stenglar og blomstrar med stor nektarpore. Mogne kapslar eksploderer og slyngjer frøa langt av garde.
Dei fleste artane høyrer heime i varme og tropiske strok. Det finst éin viltveksande art i Noreg, nemleg I. noli-tangere, som blir 50 cm høg og har hengjande gule blomstrar. Han veks nord til Fauske. Fleire artar blir dyrka som prydplanter og er funne forvilla. Mongolspringfrø, I. parviflora, spreier seg raskt og er sett på svartelista over artar som ikkje er ønskte i norsk flora.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.06.2013
Sist oppdatert: 17.06.2013