Hopp til innhold
X
Innhald

Steinkløver

Steinkløver (latin Melilotus), slekt med eitt- eller toårige urter i erteblomsterfamilien. Stengelen er glatt, kanta og ber lange, gule eller kvite blomsterklasar. Blada er trekopla. Frukta er ein belg. Slekta har i alt 70 artar, og fire av desse veks vilt i Noreg, mellom anna den gulblomstra lækjesteinkløver, M. officinalis, ei gammal lækjeurt som veks på Austlandet og i kyststroka til Varanger, og kvitsteinkløver, M. alba, som veks i kyststroka.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 06.03.2013