Hopp til innhold
Foto: Ole Husby, Flickr.com CC-BY
Foto: Ole Husby, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Storkenebb

Storkenebb (latin Geranium), planteslekt i storkenebbfamilien med handflika blad og raude eller fiolette blomstrar med femblada krone. Ni artar veks vilt i Noreg og seks andre er tilfeldig innførte. Mest vanleg er skogstorknebb, G. sylvaticum, både i låglandet og fjellet over heile landet. Blodstorknebb, G. sanguineum, er vanleg i kyststrok i Sør-Noreg. Fleire artar blir dessutan dyrka som hageplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 11.03.2013