Hopp til innhold
Foto: Amadej Trnkoczy, Flickr.com CC-BY
Foto: Amadej Trnkoczy, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Storr

Storr (latin Carex), slekt med grasliknande, fleirårige planter i storrfamilien. Dei har renne- eller trådforma blad og oftast trekanta strå utan leddknutar (som hos gras). Blomstrane er einkjønna og samla i aks. Aksa kan ha både hann- og hoblomstrar, men oftast er dei i kvar sine aks, då med hannaks øvst på planta. Frukta er ei flat eller trekanta nøtt som sit inne i eit blæreforma hylster som er kalla fruktgøyme. Slekta har 2000 artar over heile verda, og i Noreg har vi over 100 artar samt mange hybridar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 06.03.2013