Hopp til innhold
Foto: Phil Sellens, Flickr.com CC-BY
Foto: Phil Sellens, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Strandkål

Strandkål (latin Crambe maritima), 40 cm høg, fleirårig, grov plante i krossblomsterfamilien med kålgrøne, tjukke og krusete blad. Planta har kvite blomstrar i halvskjerm, og frukta er ei kulerund skulpe. Strandkål veks på havstrand frå Oslofjorden til Sola. Ein kan bruke han som både grønsakplante og hageplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 06.03.2013