Hopp til innhold
X
Innhald

Strandkjeks

Strandkjeks (latin Ligusticum scoticum), 30 cm høg, fleirårig plante i skjermplantefamilien med glatt, dels raudfiolett stengel og tjukke blad. Ho har kvite blomstrar i ein fåstråla skjerm og gir frå seg sterk lukt. Arten er vanleg på havstrand i heile Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 06.03.2013