Hopp til innhold
Foto: Natural England, Flickr.com CC-BY
Foto: Natural England, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Strandreddik

Strandreddik (latin Cakile maritima), 20 cm høg, eittårig plante i krossblomsterfamilien med blågrøne, buktfinna og saftige blad. Blomstrane er raudfiolette og luktar honning. Frukta er ei toledda skulpe. Arten veks på havstrand frå Oslofjorden til Varanger.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 06.03.2013