Hopp til innhold
X
Innhald

Sumak

Sumak (latin Rhus), planteslekt med 250 artar buskar og tre i familien Anacardiaceae, dei fleste frå Nord-Amerika. Artane har ulike finna eller tredelte blad. Fleire av dei er giftige, til dømes giftsumak, R. radicans, som gir kraftige utslett berre ved at ein rører ved han. Sumak inneheld mykje garvesyre som ein brukar til garving av finare lêrvarer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 12.03.2013