Hopp til innhold
Foto: Erik Jørgensen, Flickr.com CC-BY
Foto: Erik Jørgensen, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Svartor

Svartor (latin Alnus glutinosa), 10–25 m høgt tre i bjørkefamilien med mørkegrå bork og mørkegrøne og sagtanna blad. Treet har einkjønna blomstrar i lange hannraklar og kuleforma horaklar (orekonglar). Det trivst med høgt grunnvatn. Arten finst på Austlandet nord til Mjøsa og langs kysten til Trøndelag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 06.03.2013