Hopp til innhold
Foto: Tatiana Bulyonkova, Flickr.com CC-BY
Foto: Tatiana Bulyonkova, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Sverdlilje

Sverdlilje (latin Iris), slekt med om lag 150 artar i sverdliljefamilien med karakteristiske, sverdforma blad og store blomstrar med tre smale og tre breie flikar. Sverdlilje, I. pseudacorus, som blir 80 cm høg og har store, gule blomstrar, veks vilt i kyststrok til Nordland.
Mange artar med variantar blir dyrka som prydplanter, mellom anna sortar av hageiris, I. germanica, i mange fargevariantar, snøiris, I. histrioides, med blåfiolette blomstrar, samt sortar av sibiriris, I. sibirica, i fiolette variantar eller i kvitt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.03.2013
Sist oppdatert: 12.03.2013