Hopp til innhold
X
Innhald

Svineblom

Svineblom (latin Senecio), slekt med over 2000 eitt- eller fleirårige urter, buskar eller små tre i korgblomsterfamilien. Dei fleste artane har gule blomstrar. I Noreg veks 10 artar vilt, og dei vanlegaste er åkersvineblom, S. vulgaris, og landøyde, S. jacobaea. Sineraria, S. cruentus, ein staude som veks vilt på Kanariøyane, er vanleg som stoveplante i Noreg i ei rekkje kulturformer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013