Hopp til innhold
X
Innhald

Svinerot

Svinerot (latin Stachys), slekt med om lag 300 artar urteaktige planter i leppeblomsterfamilien. Slekta omfattar hårete planter med heile, tanna blad og blomstrar i kransar som er samla i aksforma blomsterstandar. I Noreg finst det tre viltveksande artar samt nokre som er forvilla.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013