Hopp til innhold
X
Innhald

Svingel

Svingel (latin Festuca), grasslekt med 100 artar i tempererte og kalde strok, åtte av dei i Noreg. Nokre artar har flate blad, som engsvingel, F. pratensis, som blir 50 cm høg og veks i eng og på bakkar til Nordland. Andre har samanrulla grunnblad, som raudsvingel, F. rubra, og sauesvingel, F. ovina, som begge er vanlege i heile Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013