Hopp til innhold
X
Innhald

Syre

Syre (planteslekt) (latin Rumex), planteslekt med om lag 200 artar i syrefamilien. I Noreg er det funne 15 artar. Dei er fleirårige planter med usjålege blomstrar, og frukta er ei trekanta nøtt. Fleire meterhøge artar blir kalla høymole. Matsyre eller engsyre, R. acetosa, og småsyre, R. acetosella, er vanlege over heile Noreg. Unge blad av matsyre vart tidlegare brukte som salat eller spinat.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.04.2013
Sist oppdatert: 10.04.2013