Hopp til innhold
X
Innhald

Taklauk

Taklauk (latin Sempervivum tectorum), 25 cm høg, fleirårig plante i bergknappfamilien med hårete, broddspisse og kjøtfulle blad i rosett. Stengelen er dunhåra, og han har ein forgreina blomsterstand med stjerneforma blomstrar som har om lag 12 lyseraude, spisse kronblad. Taklauk vart i eldre tid planta på hustak til vern mot lynnedslag og brann. Plantesafta har vore brukt mot brannsår. I dag er taklauken gjerne brukt som prydplante i hagar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013