Hopp til innhold
Foto: Science and Plants for Schools, Flickr.com CC-BY
Foto: Science and Plants for Schools, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Takrøyr

Takrøyr (latin Phragmites australis), inntil 3 m høgt gras med lange, grove jordstenglar, breie blad og ein stor, svartfiolett topp. Småaksa har lange, sølvblanke hår. Takrøyr er den største grasarten i Noreg. Han veks i myr, vatn og på havstrand, og er vanlegast på Austlandet. Takrøyr har vore brukt til fletting av matter og til taktekking (i sørlegare land).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013