Hopp til innhold
Foto: Malcolm Manners, Flickr.com CC-BY
Foto: Malcolm Manners, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Tamarind

Tamarind (latin Tamarindus indica), 15–20 m høgt tre i familien Caesalpinaceae. Arten stammar frå tropisk Afrika, men er no dyrka og forvilla overalt i tropane. Han har hard ved, mangefinna blad og gule blomstrar i hengjande klasar. Fruktene er opptil 20 cm lange belger med svartbrunt fruktkjøt som er rikt på sukker. Desse blir brukte som næringsmiddel og i medisinen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013