Hopp til innhold
Foto: Hermann Falkner, Flickr.com CC-BY
Foto: Hermann Falkner, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Tidlaus

Tidlaus (latin Colchicum autumnale), 15–20 cm høg, fleirårig urt i liljefamilien. Ho har ein laukliknande, underjordisk knoll og smale blad som visnar tidleg. Planta blomstrar seint på hausten med rosa blomstrar. Tidlaus stammar frå Sør-Europa, men blir dyrka som hageplante i Noreg. Heile planta er giftig. Ho har tidlegare vore brukt som lækjeplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.03.2013
Sist oppdatert: 14.03.2013