Hopp til innhold
Tindved. Foto: Hermann Falkner, Flickr.com CC-BY
Tindved. Foto: Hermann Falkner, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Tindved

Tindved (latin Hippophaë rhamnoides), busk i tindvedfamilien med greintornar og smale, lansettforma blad med sølvfarga underside. Han har eigne hann- og hoblomstrar på ulike individ, dvs. særbu. Frukta er oransjefarga og liknar eit bær, men ho er ei falsk frukt på same måten som nype. Ho er rik på C-vitamin og etande, men ho er best etter frost.
Tindved har vore brukt som fargeplante, og ho er elles ei typisk pionerplante som trivst på mager mineraljord der ho får liten konkurranse frå andre planter. Arten veks i ur og på elve- og havstrender, eit par stader i Jotunheimen og frå Trondheimsfjorden og nordover til Lofoten. Tindved er ei av dei første plantene som innvandra til Noreg etter siste istid. Ho er i dag mykje brukt som prydbusk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.06.2013
Sist oppdatert: 18.06.2013