Hopp til innhold
Foto: Phil Sellens, Flickr.com CC-BY
Foto: Phil Sellens, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Tiriltunge

Tiriltunge (latin Lotus corniculatus), 15 cm høg, nedliggjande til oppstigande plante i erteblomsterfamilien. Planta har trekopla blad og gule blomstrar i skjerm eller hovud. Ho lever i symbiose med bakterien Rhizobium leguminosarum i små, runde knollar på dei finare rotgreinene. Tiriltunge veks på tørre stader nord til Troms, men sjeldan nordafor.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013