Hopp til innhold
X
Innhald

Tistel

Tistel (latin Cirsium), slekt med 150 artar to- eller fleirårige planter i korgblomsterfamilien med tornete blad. Blomsterkorgene har røyrkroner ikkje er dekte til. Dei fleste finn ein i Europa og Asia, men i Noreg finst det berre seks viltveksande artar. Åkertistel, C. arvense, er eit vanleg ugras over heile landet. Vegtistel, C. vulgare, og myrtistel, C. palustre, finst ikkje lengst nord. På beitemark og i fjellier er kvitbladtistel, C. heterophyllum, vanleg. Namnet tistel er også i bruk om andre stikkande planter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.03.2013
Sist oppdatert: 14.03.2013