Hopp til innhold
X
Innhald

Tjøreblom

Tjøreblom (latin Lychnis, tidlegare Viscaria), slekt med fem artar urteaktige planter i nellikfamilien med smale blad og raude blomstrar. Dei høyrer heime i Europa og Asia, og i Noreg veks to artar vilt. Engtjøreblom, L. vulgaris, finst på Austlandet og nord til Sunndal på Vestlandet. På stengelen blir det utskilt eit kleimete, tjøreaktig stoff som hindrar mindre insekt i å klatre opp til blomstrane. Fjelltjøreblom, L alpina, som ikkje har kleimete stoff, er ei vanleg fjellplante med høg toleranse for tungmetall. Arten er difor kalla gruveblom. Tidlegare var artane dels plasserte i slektene Viscaria og Silene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.06.2013
Sist oppdatert: 18.06.2013