Hopp til innhold
X
Innhald

Tøffelblom

Tøffelblom (latin Calceolaria), slekt i maskeblomsterfamilien med 400 artar i Sør- og Mellom-Amerika. Under namnet stovetøffel dyrkar ein ei rekkje kryssingar med rik blomstring. Alle har store, tøffelliknande blomstrar i sterke fargar. På friland dyrkar ein småblomstra former av hagetøffel, C. integrefolia.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.03.2013
Sist oppdatert: 15.03.2013