Hopp til innhold
X
Innhald

Trompetblom

Trompetblom (latin Salpiglossis), eittårige urter i søtvierfamilien. Berre éin art er dyrka, og det er prakttrompetblom, S. sinuata, frå Chile og Peru. Dette er ei spinkel urt som blir opptil 1 m høg og har store, 5 cm breie, hengjande trompetliknande blomstrar i mange fargenyansar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.06.2013
Sist oppdatert: 18.06.2013