Hopp til innhold
Foto: Johanna Loock, Flickr.com CC-BY
Foto: Johanna Loock, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Tuberose

Tuberose (latin Polianthes tuberosa) er inga rose, men i staden ei plante i påskeliljefamilien. Ho har ein kjøtfull knoll og grunnstilte, sverdforma blad. Blomsterstengelen blir 1 m høg og ber tette klasar med voksaktige og kvite blomstrar som luktar sterkt. Fleire sortar blir dyrka som snittblomstrar i veksthus i Noreg. I varme land dyrkar ein tuberose for framstilling av parfyme.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.03.2013
Sist oppdatert: 14.03.2013