Hopp til innhold
X
Innhald

Tusenblad

Tusenblad (latin Myriophyllum), slekt med fleirårige vassplanter i tusenbladfamilien. Artane har lange stenglar med kransstilte, findelte blad med trådsmale småfinnar. Blomstrane er usjålege og sit i aks som stikk opp over vatnet. Det finst tre artar i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.03.2013
Sist oppdatert: 14.03.2013